Krikane Barnehage!
 

Velkommen til oss i Krikane Barnehage!



 

Krikane barnehage er ein privat barnehage som er eigd og driven av Krikane Barnehage AS. Barnehagen var sto ny i februar 2007 og ligg til på ei flott tomt på Krikane i Sykkylven kommune. Vi har i dag 88 plassar for barn i alderen 0-6år, fordelt på 4 basar. Drifta er styrt av Lov om barnehager , Rammeplan for barnehagar og vedtektene for Krikane Barnehage.

 

Samværet mellom barna og oss vaksne skal vere prega av nysgjerrigheit og undring, glede og humor, omsorg og empati. Vi ynskjer å gi barna ”magiske øyeblikk”. Det er dei stundene vi berre er akkurat her og no og delar ei intens oppleving. Det kan vere å ake i stor fart, studere eit dyrespor, gi ein klem eller gleda over å meistre noko for fyrste gong. Ved å bekrefte barna sine opplevingar visar vi at vi forstår kva dei er opptekne av.



BARNEHAGEN SAMARBEIDER MELLOM ANNA MED:

ü  Andre barnehagar i kommuna. Vi har eit godt samarbeid med dei andre barnehagane i kommuna, m.a. gjennom arbeidet med Den Sykkylvske barnehage.

ü  Sykkylven Kommune, m.a. ved at vi er med i kommuna sin kompetansehevingsplan.

ü  PPT (pedagogisk psykologisk tjeneste).

ü  Barnevernet.

ü  Skule.

ü  Helsestasjonen.


 


Opningstida i barnehagen er frå  kl. 06.45 - 17.00, og vi tilbyr opphaldstid frå 2 - 5 dager i veka.



Velkomen til oss!


  







  
Logo barnehage.no                                            

Logg på administrasjonssidene